Tidsskrift for barne- og ungdomsfysioterapi - Nr. 93

4 TIDSSKRIFT FOR BARNE- OG UNGDOMSFYSIOTERAPI 93/2021 Da har hausten kome og vi er klare for novem- berutgaven av Barnestafetten.Vi er spente på dei nye mulegheitane med denne digitale utgaven som Fysioterapeuten har hatt redigeringsansvaret for. Vi er jo så heldige å få vere med på eit pilotpro- sjekt med utvikling av nettside som undergruppe til Fysioterapeuten, kalt «Tidsskrift for barne- og ungdomsfysioterapi». Frå no av har vi derfor en- deleg mulegheiten til at artiklar frå Barnestafetten kan leggast under nettsida, slik at vi kan søke opp relevant fagstoff i ettertid, ved behov. Den mulegheiten har vi ønska oss lenge! Vi håper pi- lotprosjektet blir vellykka og at det er noko vi vil vidareføre, det skal vi ta stilling til på årsmøtet 18. mars 2022, under Fysioterapikongressen 2022! Denne utgaven av fagbladet vårt handler i stor grad om barn, unge og psykisk helse. Korleis arbeider fysioterapeutar innan feltet og kvifor er nettopp fysioterapeutar så sentrale i dette arbeidet? Styret har denne hausten fortsatt arbeidet med å få fleire fysioterapeutar inn i Barne- og ungdoms- psykiatrien (BUP).Vi samarbeider med faggruppa i psykomotorisk fysioterapi, regionledarane og fagseksjonen i NFF om dette.Vi har kontakta an- dre faggrupper, i legeforeninga og psykologforen- inga i håp om å få støtte for at fysioterapeutar er viktige aktørar i barne- og ungdomspsykiatrien.Vi samler no bakgrunnsmateriale for på nytt å gjere eit framstøt ovanfor helseforetak og politikarar, for å få fram at det er viktig at fysioterapeutar blir tilsatt i BUP. I 2019 sendte Faggruppen for barne- og ungdoms- fysioterapi og Faggruppen for psykomotorisk fys- ioterapi i NFF eit brev til alle ledere i BUP i landet, med bakgrunn i ønsket om å få fleire fysioterapeu - tar tilknyttet barne- og ungdomspsykiatrien. Det er dette arbeidet vi no vidarefører og argu- menterer vidare for. Slik situasjonen er i dag er det svært tilfeldig og varierande om dei ulike BUP har fysioterapeut ansatt. Dette er svært uheldig, ettersom BUP får stadig fleire henvisningar som omhandler problemstillingar fysioterapeutar har spesialisert kunnskap om.Vi vurderer at fysio- terapeutar er ein uutnytta ressurs innan psykisk helsevern for barn og unge. Mange barn og unge som i dag blir henvist til BUP har alt vore i kontakt med fysioterapeut i kom- munehelsetenesten. Dette kan vere barn og unge som blir henvist for blant anna diffuse smerter, skolevegring, uro, angst, spenningar og atferds- problematikk.Vi opplever at BUP mange steder i landet per i dag opererer «i ei boble». Barn og unge blir henvist til BUP uten at dei i stor grad innhenter informasjon frå instansar som alt er involverte, som lokal fysioterapeut. På same måte avslutter dei ofte saker utan å vidareformidle kva som er gjort og tenkt videre. Det blir ofte utført utredning i spesialisthelsetenesten uten å sikre tverrfagleg relevant oppfølging i etterkant. Dette fører til mange rådville foreldre som opplever at det blir lite kontinuitet i oppfølginga rundt pasienten. Erfaringa frå mange plasser i landet er at BUP vektlegger utredning og ofte avslutter sakene raskt. På grunn av stor pågang i BUP systemet har dei sjeldan tid til å følge barnet over tid. Barna blir da henvist til den kommunale tenesten (PPT, Ressursbaser for barn, kommunale fysioterapeutar og fysioterapeutar med driftstilskudd). Dette er tenester som ofte alt er overbelasta. Dette ser dei spesielt innan psykomotorisk fysioterapi der ventetida rundt om i landet er på over eitt år. På grunn av mindre oppfølgning ved BUP ser vi også at alvorlegheiten i sakene vi får henvist er tiltak- ande. Fysioterapeuter i kommunehelsetenesten tar i dag imot pasientar med alvorlege diagnoser (spiseproblematikk, sjølskading, alvorleg angst og depresjon). Dette er pasientar vi meiner eigentleg høyrer heime i spesialisthelsetenesten eller krever veiledning frå fysioterapeut i spesialisthelsete- nesten.Vi erfarer manglande samhandling og svært liten grad av det lovpålagte veiledningsansvaret spesialisthelsetenesten har. Fast ansatt fysiotera- peut i BUP ville bidratt til bedre samarbeid med fysioterapeut i kommunehelsetenesten som følger opp barna heime, i barnehage og på skole. Det ville sikra ein bedre kontinuitet rundt pasientene og eit bedre fagnettverk. Dette har vi argumentert med så langt for å få fleire fysioterapeutar inn i BUP. Om du har andre argument som ville fremme saken, er vi veldig mottakelege for det.Ta i tilfelle kontakt med bar- neogungdom@fysio.no Samtidig som vi arbeider med dette får vi fort- sette den viktige jobben vi gjer for barn og unge – innan heile spekteret av helse! God lesning! LEDER Barn, unge og psykisk helse Ingunn Skogseth Stevens Leder i NFFs faggruppe for barne- og ungdomsfysio- terapi. Fysioterapeut, Midtbyen bydel,Trondheim kom- mune. Ingunn Skogseth Stevens, faggruppeleder

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy