Eiendomsmegleren nr. 5 - 2021

24 EIENDOMSMEGLEREN NR 05-2021 STUDENTER STUDENTER LEDELSEN LEDELSEN VERDT Å VITE VERDT Å VITE FAGSTOFF FAGSTOFF FRITID FRITID Månedens meglerprofil: KJARTAN AARNES Navn? Kjartan Aarnes Arbeidssted: Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS Alder? 46 Sivilstatus, barn? Sambuar, 3 barn Sist leste bok? Kongen, skriven av Tom Egeland Favoritt TV-program? Har ikkje noko spesielt favoritt program. Favorittmusikk? Er rimleg altetande. Favorittane går nok framleis litt tilbake i tid til f.eks. Guns’n Roses, CC Cowboys, John Lennon. Stor varia­ sjon altså – men likar også nyare musikk. «Favorittdings»? Har mange og likar dingsar – tenkjer eg samlar det opp i noko så enkelt som mobilen. Kjører? Tesla X Hvor mange timer jobber du i uken? Ligger vel jamt på mellom 40 og 50 timar. Hva gjør du for å koble av? Lese ei bok, sjå ein fartsfylt film eller vere med fotballjentene mine. Hva er din beste idrettsprestasjon? Eg er ingen idrettsmann – så det må vel bli at eg har gjennomført eit Triatlon – mini - i 40 års krisa. Etter en god middag; hva er ditt desserttips? Eg er glad i karamellpudding. Beste reisemål? Fotballreise til Manchester United. Har du noen dårlige sider? Mange – best å halde dei for meg sjølv. Hva er den beste avgjørelsen du har tatt? Det må jo vere å få mine tre barn. Hvor mange ganger har du flyttet? 5 gangar. Hvilken «floskel» irriterer deg i et prospekt? Sentral plassering. Hva er dine personlige erfaringer med eien­ domsmeglere? At meglerstanden er ein gjeng med kompetente menneske som gjer ein fantastisk jobb kvar dag 24/7. Kanskje jobbar ein litt for mykje Karrierevei fram til der du er i dag? Eg er ut­ danna eigedomsmeklar ved BI og bygde på med Diplommarknadsførar internasjonalisering og leiing der eg tok ein Bachelor. Arbeidskarri­ era starta som marknadskonsulent i Spareban­ ken Sogn og Fjordane i 1998 og var der i 2 år. Så gjekk turen til legemiddelbransjen i år 2000 som legemiddelkonsulent i Pfizer i 2,5 år. Der­ etter returnerte eg til jobb som produktsjef i 2002 og deretter konstituert marknadssjef i 2003 i Sparebanken Sogn og Fjordane før eg begynte som meklar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS i 2004. Eg har vore i same firma sidan. I 2006 vart eg Statsautorisert Eige­ domsmeklar. I 2011 vart eg også fagansvarleg for eit kontor. Fagansvaret har balla på seg og i dag er eg fagansvarleg for heile føretaket som er på 6 kontor. Det vert no lite mekling og mest fag, og eg trivast godt med det. Hva er det viktigste eiendomsmegleren bidrar med i bolighandelen? Trygg handel, fagleg sterk råd­ gjeving og god pris for seljarane. Eigedoms­ meklaren har etter mitt syn ei svært viktig rolle som ein ikkje kan automatisere vekk. Hvordan vil eiendomsmegling utvikle seg i de neste ti årene? Mange av dei manuelle jobb­ ane med å flytte data kjem til å bli automa­ tiserte slik at eigedomsmeklaren får betre tid til å gjere det han er god på. Eg trur eigedoms- meklaren framleis vil ha ei viktig rolle som mellommann og bidra til ein trygg og effektiv handel med god rådgjeving, men med nye effektive digitale hjelpemiddel. Dette kan føre til at meklaren kan betene fleire oppdrag med mindre ressursar og likevel levere god kvalitet. Det vil då kunne bli press på antal meklarar i bransjen – det vil nok ikkje bli plass til alle, men dei som er flinke til å gjere seg relevante vil få ei flott framtid. Hva er den største utfordringen til bransjen? Eg er litt bekymra for at det vert utdanna for mange meklarar i forhold til det som vert behovet fram- over. Dette kan trigge uheldige lønsmodellar for nyutdanna som ikkje er eigna til å leve av, noko som igjen kan skape uheldig konkurranse mellom meklarar der det kan freiste å gå for langt for å få seg oppdrag. Dette kan skade omdømmet til bransjen. Her tenkjer eg det hadde vore ein fordel om nokon tok litt styring framover. Hva kan gjøres for å bedre eiendomsmeglerens omdømme? Fokuset på å auke og halde vedlike kompetansen hjå meklarane samt kvaliteten på leveransen til føretaka med sunn konkurranse vil byggje stein på stein i omdømmet til bransjen. Hvordan vil boligmarkedet utvikle seg framover? Prisane vil flate ut, men med ein framleis positiv trend.

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy